onsdag 17. august 2011

#2 Ikkje ein, men to skoler!



Planen var å bygge to klasserom på barneskolen Hope Academy (Masai Community Hope Academy & Childrens Home), men pengene viste seg å skulle rekke til to klasserom på en ny secondary school. Bare for å ha det heilt klart, så er Olav og eg elendige til å samle inn penger, det er rett og slett noko me ikkje trives med å gjør. Dersom me hadde samla inn penger uten hjelp, ville me kanskje fått inn nok penger til ett klasserom. Men me er overbevist om at ved Guds hjelp har me fått inn meir enn me håpa på. Staden Olalui, nokre km utanfor Kilgoris sentrum, var staden for å byggje ein ny ungdomsskole. For over 20 år sidan var det ein ungdomsskole her, men den falt i ruiner. Dermed måtte dei som vill gå på secondary school (siste skole før dei kan gå over til høgare utdanning) reise heilt inn til Kilgoris. Som nemnt i promoteringsvideoen (http://www.youtube.com/watch?v=KyJhgTXcmU8), skjer det til tider at det kjem ville dyr her. Berre ei veke før me kom til Kilgoris hadde ein gepard drept over 20 geiter, og elefanter kjem også hit, så farene er absolutt til stede.

I Kenya er det foreldre som samlar inn pengar til skolebygging. Myndighetenes ansetter kun lærere. Då nyheten om at me skulle bygge to klasserom, ga det ein boost i folket, og den lokale kyrkja ville vere med å sette opp to klasserom til. Dermed blir det ein fullverdig Secondary School med alle fire klassar (form 1-4).  

Området der Olalui Secondary School skulle byggjast, var dekka av to-meter høge maisstenger, men allereie dagen etter me hadde avgjort å bygge her, reinska elevene ved Olalui Primary School heile området og klargjorde det til eit byggjeområde. (Maisen var høsta inn) Masaienes stolthet, kyrne, blei sluppen laus på området for å reinske området ytterelegare ved å gresse maisstengene.

Den norske hurtigheten forbausa lokalfolket, og dei skjønte rett og slett ingenting av at byggjeprosessen starta allereie fem dagar etter den offisielle seremonien med det fyrste spadetaket. Starten på Olalui sec. var ein realitet, og det vart svært godt mottatt av alle. Alt av tillatelser blei ordna på rekordtid. Utdanningsavdelingen i Kilgoris, SDA-samfunnet (som skal drifte skolen) og parlamentsmedlem Gideon Konchella ga alle sin støtte til prosjektet.

Nå skal det seiast at me var litt bekymra for om me verkeleg hadde nok pengar til å sette opp Olalui sec., og at me kanskje hadde lova litt vel mykje, men bekymringen svann hen då ein kompis heimafrå overførte heile 20’000 kr. Me var sikre på at han ved eit uhell hadde lagt til ein null for mykje! Det går ikkje an å beskrive med ord kor godt denne nyheten blei verdsatt.

Det er fantastisk å få vere med gi menneske, og særlig ungdom, ein skole. Det var skrevet i ansikta med store glis kor mykje folk, og særlig sisteårselevar på Olalui Pri. verdsatte dette. Så ein stor takk til alle heime som har vore med å støtte ’Skoleprosjekt i Kilgoris’ og gitt svært mange ungdom ein skole å gå på.

lørdag 13. august 2011

#1 Karibu Kenya (Velkommen til Kenya)



Den 29.juni 2011 startet eventyret i Afrika.
Heldigvis gikk flyet såpass tidlig om morgenen at eg og hjernen min ikkje var funksjonell nok til å innsjå at det kom til å bli veldig trist å reise ifrå mor og far og resten av familien og venner. Føre meg var eit halvt år med ukjende dagar i ein kultur svært ulik den eg reiste frå heime. Dette kjem til å bli ei spennande vandring mellom meg nede på den røde, afrikanske jorda og far i himmelen.

I Nairobi, som også kalles Nairobbery pga. alle tyveriene, møtte eg Olav, den personen eg har tilbrakt mest tid samen med gjennom alle mine 25 år. Saman skulle brødrene tvillingbrothers bygge skole og seinare lose ein gjeng på seks andre frivillige frå Norge og Sverige gjennom ulike gjøremål i Kenya.

På reise i Afrika er det viktig å ta seg tid - god tid. Det vil seie at dersom du har avtalt å møte nokon eit bestemt tidspunkt, må du vere førebudd på at han kanskje dukkar opp ein time eller to-tre-fire seinare, eller ikkje i det heile tatt. Med dette i bakhovudet kom det ikkje akkurat som torever frå open himmel at me ikkje var på veg til Kilgoris dagen etter ankomst, som var planen, men ferda blei utsett fire dager.

Ved vårt forlengede opphald i Nairobi fekk me treffe mange herlige kenyanere. Kenyanere liker svært godt å få besøk, og dei er ivrige på å halde kontakten på telefon. Dei er alltid lystne på å høyre korleis ting står til. Noko pussig å legge merke til er at dersom du starter ein samtale med ”Hi”, så svarar dei fleste ”Fine!” – då dei forventar at du opnar ein samtale med: ”How are you?”.

Vel framme i Kilgoris kom arbeidet snart i gang. Knallharde lønnsforhandlingar med byggmeisteren Samson, landa til slutt på ein sum begge parter var nøgde med. Samson og mennene hans fekk tidlig smake på den norske effektiviteten, og den kvite manns namn ”Mzungu” (Swahili for: Kvit person), blei tidlig bytta ut med ”chap chap” (Swahili = Enda raskere!). Me måtte forklare byggkarane at me ønska at dei skulle vere raske, effektive og nøysame på same tid, og at dei når klasseromma var ferdige skulle kunne vere stolte av verket deira.

Det var meir enn to kritkvite auge som vart sperra opp då dei to kvite
tvillingane blei med å losse sementsekker. Skodelystne samla seg om
avlossinga, og korkje illeluktande svette eller sementstøv fekk dei til
trekkje seg unna – å få med seg to mzungus løfte tunge sekkar var verd å ofre helsa i dei illeluktande og astmaframkallande
omgivelsane.

Berre nokre få dagar forsinka var nå arbeidet med å bygge to klasserom på Hope Academy i gang. Skolen som har gode elevresultat vil ved skolestart i januar ha plass til to nye klasser. Elevene som nå går i fjerde klasse slepp dermed å skifte skole, og kan halde fram på ein velfungerande skole.